Alle Med

Alle Med er eit observasjonsmateriell som er eit resultat av samarbeid mellom Egersund Kommune (bhg og PPT) og Senter for adferdsforskinng (SAF) UIS ved Inger Kristin Løge.

På same måte som TRAS (Tidlig Registrering Av Språkutvikling) blir brukt for å kartlegge den språklege meistringa hjå barna i barnehagen, blir skjemaet "ALLE MED" brukt for å kartlegge den sosiale meistringa.

Korleis brukar/tolkar vi resultatet av observasjonen:

Foreldresamarbeid: Eit utgangspunkt for samtale mellom foreldre og barnehage. Viktig å gje ein generell presentasjon av sirkelen, før ein syner korleis sirkelen til det einskilde barnet ser ut. Sjå på punkta i sirkelen og sjå på kva pedagogisk leiar har fylt ut om barnet. Eit opent felt er eit utgangspunkt for drøfting med foreldra, og betyr nødvendigvis ikkje at barnet har eit problem. Ved ulik oppleving av barn si meistring er det viktig å bruke kommentarfeltet.

Internt pedagogisk arbeid: Kva kan vi lese ut av sirkelen? Danne seg eit bilete av kvart barnet si utvikling. Om barn ikkje har aldersadekvat meistring, kva aktivitetar har vi tilbode barnet innan dette området? Om vi har ope felt, er det ein mangel ved det pedagogiske tilbodet vi gjev? Korleis ser skjemaa samla ut på avdelinga, syner det områder bhg bør jobbe meir med.

Observasjonsskjemaet dekker 6 utviklingsområde:

  • Sosio-emosjonell utvikling
  • Leikeutvikling
  • Trivsel
  • Kvardagsaktivitetar
  • Sansemotorisk utvikling
  • Språkutvikling

Sirkelen skal medverke til ei heilskapstenking som er omfattande nok til å syne eit bilde av det einskilde barnet. Den tar utgangspunkt i barnet sin alder, og er ute etter kva barnet meistrar. Det er viktig å bruke tid slik at barnet får mogelegheit til å syne kva det meistrar.

Link til observasjonsskjemaet Alle med