Fleirkulturell barnehage

Furuhaugane barnehage er ein fleirkulturell barnehage der barn, foreldre og personalet representerer ulike nasjonar, og ulike morsmål. Ca 50% av barna i barnehagen har ein eller begge foreldra frå eit anna land enn Norge.

Vi har flagg frå alle våre nasjonar. Flagga brukar vi når barna har fødselsdag, då heng vi ut flagget/flagga som barna har tilknyting til. Siste onsdag i månaden har vi felles bursdagsfeiring for barn og vaksne som har fylt år den månaden, og då heng vi ut flagga som barn/vaksne har tilknyting til.

På FN-dagen 24.oktober, barnekonvensjonen 20.november, den internasjonale morsmålsdagen 21.februar, den nasjonale barnehagedagen og sommarfesten i barnehagen heng vi ut alle våre flagg .

Å vere ein fleirkulturell barnehage gjev oss mogelegheit til å nytte, både den språkelege og det kulturelle mangfaldet som er representert, og på den måten signalisere at ulikheit er det normale og at alle barn får mogelegheit til å identifisere seg med barnehagen, og innhaldet i den.  

Under finn de link til nettstadane for fleirkulturell opplæring, morsmål og tospråkleg fagopplæring

 

https://nafo.oslomet.no 

http://morsmal.no/index.php/no/om-barnehagen-norsk

 

Foto: Cecilia Molander - Molander Digitale produksjon