I Furuhaugane barnehage har vi eit særskild fokus på tilknyting, språkutvikling, og sosial kompetanse. I barnehagen skal vi sikre alle barn eit trygt miljø og skåne dei for både fysisk og psykisk skade. Som vaksne skal vi ta vare på barna og skape eit inkluderande miljø der barna ikkje skal oppleve å bli krenka eller krenkje andre. Som vaksne skal vi fremje positive handlingar, og å arbeide for at negative samhandlingsmønster ikkje får utvikle eller feste seg. Sosial kompetanse handlar i følgje rammeplan for barnehagen om å kunne samhandle positivt med andre i ulike situasjonar. Denne kompetansen blir uttrykt og tileigna av barn i samspel med kvarandre og dei vaksne. Den blir spegla i barn sine evne til å ta initiativ til, og til å halde på vennskap.
Barnehagen skal førebygge mobbing, men kva er mobbing mellom barn i barnehagealder?
Det som kjenneteiknar mobbing er gjentekne negative handlingar mot same person over tid. Det kan begynne med slag, spark, biting, erting og utestenging, som over tid kan utvikle seg til ein maktposisjon mellom barna. Det kan til dømes vere barn som alltid må vere baby eller hund, for å få vere med i leiken.
Korleis kan vi som vaksne oppdage om det føregår mobbing i barnehagen?
Ved å vere tilgjengelig vaksne, som observerer og følgjer med på utsida av leiken. Vi må stoppe opp, sjå og høyre kva som blir gjort/sagt. Vi må undre oss i lag med barna, og vere gode førebilde. Som deltakande vaksne må vi vere tilstade i situasjonen der barna er, og ikkje berre ha overblikket. Vi må lytte til det som blir sagt mellom barna, ta oss tid til, å setje oss inn i barnets perspektiv.
Dei haldningane vi som vaksne i barnehagen og dei haldningane foreldre/føresette har heime kan enten bygge opp eller rive ned barn si sjølvkjensle. Dårleg sjølvkjensle hjå barn skaper både mobbar og offer. Vi som vaksne må reflektere over korleis vi snakkar til kvarandre og til barna? Å tillate at barn blir latterleggjort, gjev signal til barnet og andre at dette er greitt. Barn ser, høyrer og legg merke til meir enn vi vaksne av og til reknar med.
Personalet må derfor vere spesielt medviten om kva vi seier, og korleis vi snakkar til kvarandre og saman, når barn er i nærleiken.
Barn har behov for å bli sett, høyrd og godteke. Merksemd frå kompetente, varme vaksne som er tilstade, er ein føresetnad for barns trivsel i barnehagen. Måten vi som vaksne svarer og godtek barnet på, er avgjerande for korleis barnet opplever seg sjølv. Som ansvarlege vaksne må vi lære barna å gje beskjed til ein vaksen når dei opplever at dei sjølv eller andre blir krenka.
Når vi får nye barn på avdelinga skal vi på førehand ha avtalt kven av personalet som skal ta imot barnet og foreldra. Pedagogisk leiar vil gjennomfører oppstartsamtale med foreldre/føresette i framkant. I tilvenningsperioden er det viktig med god dialog med forelda, for å gje barna ein så god start i barnehagen som mogeleg. Det er ikkje alltid slik at barn knyter seg mest til den som har hatt tilvenninga. Så her hjå oss er det slik at den vaksne barnet knyter seg til har ansvar for å inkludere det nye barnet inn i barnegruppa.
I barnehagen er det viktig å la barna klare sjølv og oppleve mestring. Som vaksne skal vi skape gode læringssituasjonar, og gje barna tid til å prøve sjølv. Det kan vere både å dekke på og av bordet uavhengig av alder. Dele ut frukt og grønsaker til dei andre barna på avdelinga, lage til mat både smøremåltid og varmlunsj. I alle situasjonar skal vi verestøttande og tålmodige vaksne som lar barna oppleve mestring som å klatre opp og ned av stellebord, kle på og av seg sjølv. Vi skal oppmuntre barna til å samarbeide og hjelpe kvarandre som til dømes å ta strikken under skoen, hjelpe med glidlås og knappar.
Vennskap er viktig for barn i alle aldrar, også dei yngste barna. Alle barn bør ha minst ein venn, og når vi veit kor viktig vennskap er, må vi vere merksame om dersom nokon opplever at dei ikkje har venner eller kjenner seg einsame. Som vaksne må vi hjelpe og styrke barns samspillskompetanse. Eit barn som samhandlar godt med andre, kan både tilpasse seg fellesskapen og vere ein synleg deltakar som hevdar sin plass. Forsking syner at barns evne til å etablere vennskap i stor grad heng saman med den sosiale kompetansen deira. Ei sentral oppgåve for oss tilsette er å hjelpe barna å byggje relasjonar til kvarandre. I relasjonane mellom vaksne og barn/barn og barn i barnehagen vidareutviklar barnet den sosiale kompetansen som dei treng i relasjon til andre menneske. Som vaksne må vi og vere merksame på at gryande vennskap kan vere skjøre, og vi må vere vare slik at vi ikkje grip inn og forstyrrar desse prosessane.
Småbarnsalderen er ein grunnleggjande periode for barn si språkutvikling. Samhandling gjennom kroppsspråk, og leik med lydar er vesentleg i måten det vesle barnet nærmar seg andre menneske på. At vaksne oppfattar og stadfester uttrykket til barnet og samtidig set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis barnas talespråk utviklar seg vidare. Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og mestring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing.
Barnehagen skal sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Personalet i barnehagen er viktige språklege førebilete, og systematisk arbeid rundt språkutvikling medverkar til framgang både på kort og lang sikt.
Barn som utviklar eit godt språk i tidleg alder trekk fordelar av denne kunnskapen resten av livet.
Hefte - spørsmål samtalebilder
Barns trivsels - voksnes ansvar
Foto: Cecilian Molander - Molander Digitale Produksjon