Samarbeidsinstansar

I Furuhaugane barnehage har vi samarbeid med ulike instansar i høve einskildbarn eller ei gruppe barn. Dette kan m.a. vere helsestasjon, pedagogisk-psykologisk tenestekontor, barne og ungdomspsykriatisk poliklinikk, statlege kompetansesenter eller barnevernstenesta.

I tillegg har vi samarbeid med dei fleste barneskulane i sentrum, då vi som regel har 6 åringar som skal starte på desse skulane etter endt barnehagetid.

I tillegg er vi fast praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, der vi tek imot BLU studentar i praksis.

Vi og barnehagen på Torvmyrane har samarbeid med Naturfagsenteret om bærekraftig utvikling.

Furuhaugane barnehage har skrevet under intensjonsavtale med Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo om deltaking i forskningsprosjektet Second Language Learners Plus.