I samband med morgonsamling ca 09.30 får barna oppskore frukt.
Lunsjen et vi ca. kl. 11.00 (Knerten) og ca. kl. 12.00 (Lillebror, Aurora, Sokrates og Tiriltoppen).
Hausten 2018 starta vi med brødmåltid kvar dag. Onsdagar er dei eldste barna småkokkar og bakar rundstykker til heile barnhagen. Dei andre dagane serverer vi oppskore brød. Pålegg vi har er kokt egg, fiskepudding, makrell i tomat, kaviar, rekeost, kyllingost, kyllingpostei, kyllingskinke, fårepølse, kvitost, brunost. I tillegg blir brødmåltidet supplert med supper, eller bytta ut med havregraut.
Hausten 2019 starta vi med nistefri barnehage.
Siste onsdag kvar månad har vi varmlunsj, dei eldste barna er også den dagen småkokkar og lagar middag til heile barnehagen. Basis er fisk eller kylling.
Mange barn er svoltne på ettermiddagen, dei får då ete knekkebrød i samband med grønnsakmåltidet ca kl. 14.30. Som drikke får dei her tilbod om vatn.
Vi serverer alltid tomat, agurk og paprika til frukost og lunsjmåltidet.