At vaksne oppfattar og stadfester uttrykket til barnet og samtidig set ord på inntrykka og opplevingane, er avgjerande for korleis barna sitt talespråket utviklar seg vidare.
Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og meistring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing.
Barnehagen skal sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Personalet er viktige som språklege førebilete. Systematisk arbeid rundt språkutvikling medverkar til framgang både på kort og lang sikt.
Barn som utviklar eit godt språk i tidleg alder trekk fordelar av denne kunnskapen resten av livet.
Snakkepakken er eit språkstimuleringsverktøy med over 140 gjenstandar berekna for heile personal- og barnegruppa, og hensikta er å styrkje språkferdigheita til alle barn uavhengig av morsmål. Snakkepakken året rundt syner korleis innhaldet i snakkepakken (gjenstandar, bøker, spela, rettleiingshefte og cd) kan støtte barna i å tileigne seg ordforråd og ordforståing. Snakkepakken året rundt har 180 nøkkelord jamt fordelt på utover året. Nøkkelorda skal låse opp for ein større forståing av omverda.
De finn meir informasjon på www.snakkepakken.no
Foto: Cecilia Molander - Molander Digital Produksjon