Vi reknar minst 3 dagar tilvenningstid. Nokre barn finn fort sin plass i barnehagen, andre bruker lenger tid. Det er viktig at barna får den tida dei treng, og at de som foreldre/føresette er førebudde på at det kan ta litt tid.
Vi tykkjer alltid det er spanande å verte kjende med nye barn, og foreldre/føresette. For oss som jobbar i barnehagen er informasjon om barnet like viktig viktig, som informasjon om barnehagen er viktig for dykk som foreldre/føresette. Ein del av tilvenninga er og, at det vert utveksla informasjon mellom barnehage og heim.
Om barnet Dykkar er lei seg når det blir levert, må De ikkje vere redde for å ringe barnehagen, og spørje om korleis det går.