To hus tett i tett

Barnehagen vår er bygd som to hus med eit tun mellom. I huset til venstre for porten er Lillebror med den grøne døra (2 åringane) og Knerten med den gule døra (1 åringane). I huset til høgre for porten er Aurora med den blå døra (3 og 5 åringar) og Sokrates med den raude døra (4 åringane). Det raude huset er tussebu.

Furuhaugane barnehage er ein privat barnehage, opna 11.05.1992.

Barnehagen har 64 plassar for barn i alderen 0-6  år. Vi har samordna opptak med kommunen.

Opningstida vår er frå 06.45-16.30

Barnehagen er bygd som to hus med eit tun mellom. Barnehagen ligg lunt plassert på ei tidlegare gartneritomt på krokane. I tillegg til barnehagens uteområde brukar vi mykje barnehagens nærområde som solbakkenskogen, fagerdalen, trollskogen og nybømarka. Barna på Aurora og Sokrates har to faste turdagar  utanfor barnehagen kvar veke.

Vi er ein nistefri barnehage, og serverer alle måltid i barnehagen, vi er og ein 5 om dagen barnehage og våre satsingsområde i tillegg til sunt kosthald, er bærekraftig utvikling, sosial kompetanse, tilknytting og språk. I arbeidet vårt brukar vi m.a. snakkepakken året rundt.

Vi er fast praksisbarnehage for Barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet

Sidan august 2012 har vi vert ein røyk- og snusfri barnehage.

Barnehagen er IA-verksemd og medlem av PBL-A.