Morsmål

Morsmål/mother tongue/język ojczysty/родной язык/ภาษาแม่/زبان مادری/ لغة الأم/afka hooyo/ቋንቋ ኣደ፣ መኽፈቲ-ኣፍ ቋንቋ/jha;nkhop

Språk er det viktigaste reiskap vi har til å formidle og få kunnskap om verda. Her kan morsmålet spele ei sentral rolle, sidan vi lærer best på eit språk vi forstår. Språket er personleg og identitetsdannande og nært knytt til kjensler. Morsmålet er viktig for opplevinga av eigen identitet og mestring på mange område. Eit godt utvikla morsmål er ein grunnleggjande føresetnad for den vidare språklege utviklinga, også når det gjeld skriftspråk og leseforståing. I Furuhaugane barnehage har vi følgjande morsmål representert: norsk, engelsk, bilen, asyrisk, islandsk, arabisk, lithauisk, somali, tigrinja,bosninsk, rumensk, russisk, thai, tamil og armensk.

Å anerkjenne og støtte opp om fleirspråklegheit vil gje fleirspråklege barn trua på at deira erfaringar er verdifulle, og kan vere viktig for barna sin motivasjon. Eit godt samarbeid mellom foreldre og barnehage der vi snakkar om språk og språkopplæring er sentral for ein best mogeleg utvikling for barnet. Vi nytter telefontolk på foreldresamtalar ved behov.

 

Barnehagen skal sørgje for at alle barn får varierte og positive erfaringar med å bruke språket som kommunikasjonsmiddel, som reiskap for tenking og som uttrykk for eigne tankar og kjensler. Personalet er viktige som språklege førebilete. Systematisk arbeid rundt språkutvikling medverkar til framgang både på kort og lang sikt. Barn som utviklar eit godt språk i tidleg alder trekk fordelar av denne kunnskapen resten av livet. I Furuhaugane barnehage brukar vi Snakkepakken som eit metodisk opplegg i høve språkutvikling. Snakkepakken er eit språkstimuleringsverktøy med over 140 gjenstandar, der hensikta er å styrkje språkferdigheita til alle barn uavhengig av morsmål. Snakkepakken året rundt syner korleis innhaldet i snakkepakken (gjenstandar, bøker, spela, rettleiingshefte og cd) kan støtte barna i å tileigne seg ordforråd og ordforståing. Snakkepakken året rundt har 180 nøkkelord jamt fordelt på utover året. Nøkkelorda skal låse opp for ein større forståing av omverda.  

www.snakkepakken.no finn de meir informasjon om snakkepakken og snakkepakken året rundt

Vi nyttar og Eventyrbroa http://eventyrbroa.no/ i barnehagen. Eventyrbroa inneheld digitale eventyrbøker og lydfil frå dei norske folkeeventyra på bokmål og nynorsk samt 14 av dei mest alminnelege morsmåla som er representert i Norge. 

www.morsmal.no finn de meir informasjon om morsmål og tospråkleg opplæring